Takk for svar – eg fann det fyrst no! :) Kjøkkenet har glatte frontar – me er nok meir moderne/nordiske enn romantiske i stilen. Gjennom stort sett heile huset har me kvitlasert slettpanel, også i stova. Men i stova, som på kjøkenet, har me også nokre murveggar (tunnelpeisen + ein vegg til) som er måla i Ascott. Bordplata i spisebordet er i kvitbeisa heiltre furu (ser berre ut som naturleg ljost tre), og beinbukkane er i kvitt metall (som eg også har vurdert å måle). Spisestolane har føter i eik/kvite sete (About a chair – har lyst til å supplere med ein mustardfarga av dei) Her er link til golvet vårt: http://www.pergo.no/laminat/endless-plank-2v/L0205-01774_fjellfuru-plank. Syns det framstår mattare i fargen hjå oss enn på bileta…
↧