Quantcast
Channel: Kommentarer til: Våre beste beige farger
Viewing all articles
Browse latest Browse all 900

Av: Kjersti

$
0
0

Hei! :-) Me har bestemt oss for å måle kjøkkenet vårt… Kjøkeninnreinaden er kvit, ca à la letthet – medan lister, tak og karmar er i standard bomull (ein av dei mange tinga me gløymde å tenkje på då me bygde hus i fjor…;-)). Nokre av listene framstår litt gule saman med innreinaden, men ikkje i plagsam grad. Golvet vårt er gråbrunt/matt furulaminat, og me har trekt golvlaminaten opp på veggen bak kokeplate/ventilator (veldig fornøgd med dette!). Rommet er todelt gjennom skiftande takhøgde. Kjøkkenkroken held standardhøgde, medan spisekroken har skråtak og er ljos og luftig med vindu frå golv til tak – også på skråveggen med verandadør ut mot plattingen. Eine veggen i kjøkkenkroken består dessutan av ein tunnelpeis med ved- og hyllenisjer, måla i fargen Ascott (og med supermatt og fin wonderwall). Veggane elles er ferdig kvitlasert glattpanel. Det er desse me ynskjer å gjera noko med, for å skape eit lunare rom. Vindfanget er nettopp måla i Soft Mint – og me elskar fargen, men tenkjer at kjøkenet kanskje treng noko meir nøytralt… Kan de hjelpe meg med forslag…? :-)


Viewing all articles
Browse latest Browse all 900